Nye nettstader

Sandvoll Handel er svært glade for å kunne presentere sin nye nettstad, www.sandvollhandel.no. Dei nye sidene har fått ei større grafisk oppdatering, og inneheld informasjon om alle dei ulike produkta me tilbyr. I tillegg har me fått nytt .no-domene, slik at det gamle .com-domenet vår vil forsvinne etterkvert. Dei nye e-postadressene finn du på “Om oss”, men dei gamle vil fungere ei tid framover.

Dei nye sidene er designa og satt opp av Malin E. Bjørgen i samband med avsluttande eksamen for Grafisk Design 2 ved Noroff. Ho har òg laga nye reklameaviser, plakatar og reklamefilm for oss dei siste seks vekene. Du kan lese meir om ho og arbeidet hennar på www.malinersland.com. Me er svært takknemlige for alt ho har gjort for oss og ynskjer lukke til med eksamenresultatet!